Hopp til innhold
X
Innhald

Høre stavkyrkje

Høre stavkyrkje er ei stavkyrkje i Vang kommune i Valdres, og ho ligg i Hamar bispedøme. Kyrkja er bygd rundt 1180.

Høre stavkyrkje er ei langkyrkje med rektangulært skip og eit smalare kor. Både skip og kor hadde heva midtrom. Årringprøver viser at tømmeret er hogge i 1179, og kyrkja er truleg bygd kort tid etter det. Det er fleire runeinnskrifter på kyrkja, og ei innskrift fortel at brørne Elling og Audun fekk hogge tømmer til kyrkja det året Erling j[…] i Nidaros. Erling Skakke fall i Nidaros i 1179, og det kan vere han innskrifta omtaler. Arkeologiske utgravingar i 1978–79 viser at det tidlegare stod ei lita trekyrkje på same staden som stavkyrkja.

Den stavkyrkja som står der i dag, har berre fire stavar og høyrer til det som vert kalla valdrestypen. Opphavleg var kyrkja ei langkyrkje med rektangulært skip og eit smalare kor, begge med heva midtrom. I 1822 vart skipet i kyrkja utvida mot nord og sør og forlengt mot vest. Truleg vart svalgangen riven då. Også på andre måtar ber kyrkja preg av store ombyggingar på 1800-talet. Mellom anna fekk kyrkja basilikaform, det vil seie at midtskipet er høgare enn sideskipa. Ho fekk dessutan skifertak og panel utvendig. Høre stavkyrkje vart restaurert i perioden 2005–07 gjennom stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren.

Portalane i Høre stavkyrkje er blant dei mest kjende stavkyrkjeportalane frå mellomalderen, med utskorne bladrankar og dyreornamentikk. Dei høyrer til Sogn-Valdres-typen.

Ved kyrkjegardsporten står ein bautastein som folkeminnesamlaren Hallvard Bergh fekk reist i 1882, til minne om kongsdottera Gyda. Ifølgje tradisjonen vart ho oppfostra på Kvie like ved Høre stavkyrkje og fekk sendebod får kong Harald (Hårfagre) med spørsmål om giftarmål. Men ho nekta å gifte seg med han før han hadde samla Noreg til eitt rike.

Høre stavkyrkje feira 800-årsjubileum i 1980.

Ein av dei moderne pilegrimsvegane startar ved Hedalen stavkirke og går via Reinli stavkyrkje, Lomen stavkyrkje, Høre stavkyrkje og Øye stavkyrkje til St. Thomas-kyrkja på Filefjell.

Kjelder

Ivar Aars: «Høriskyrkja», Årbok for Valdres 1985, nr. 1 i serien «Kyrkja vår»

 

Riksantikvaren: «Høre stavkirke – med fargerikt korskille», riksantikvaren.no: https://www.riksantikvaren.no/Tema/Kirker/Stavkirker/De-enkelte-stavkirkene/Hoere-stavkirke-med-fargerikt-korskille [lesedato 28.2.2019]

Riksantikvaren: Høre stavkyrkje – Dokumentasjon av stavkyrkjeprogrammet. Rapport 2016, ra.brage.unit.no: https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421130 [lesedato 28.2.2019]

Stavkyrkjeeigarforum: Høre stavkyrkje, stavechurch.com: https://www.stavechurch.com/hore-stavkirke/ [lesedato 28.2.2019]

 

Peikarar

Sigrid Christie, Ola Storsletten, Anne Marta Hoff: «Høre kirke», i NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no

NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no

Først publisert: 23.08.2019
Sist oppdatert: 15.11.2019