Hopp til innhold
X
Innhald

Lomen stavkyrkje

Lomen stavkyrkje er ei stavkyrkje i Vestre Slidre kommune i Valdres, og ho ligg i Hamar bispedøme. Kyrkja er truleg bygd heilt på slutten av 1100-talet.

Lomen stavkyrkje har eit rektangulært skip. Skipet og koret har heva midtrom med berande frittståande stavar i skipet. Årringprøver viser at tømmeret til kyrkja vart hogge etter 1192. Under restaureringa i 2004–07 vart det funne myntar frå 1100-talet under golvet i kyrkja. Dei er no i Oldsakssamlinga.

I 1749 fekk kyrkja den utforminga ho har i dag. Svalgangen vart riven, ytterveggene flytte ut, og det vart sett inn galleri der det tidlegare var yttervegger. Koret vart utvida både i lengda og i breidda. Sist på 1800-talet var kyrkja i så dårleg stand at det kom forslag om å rive henne. Etter råd frå Fortidsminneforeningen vart det bygd ny kyrkje i Lomen i 1914, og Lomen stavkyrkje vart restaurert. Kyrkja vart sist restaurert i perioden 2004–07, i tråd med stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren. Gjennom det programmet vart alle dei 28 stavkyrkjene i Noreg sette i stand, og kyrkjekunsten vart registrert og konservert.

Inngangspartiet har to rikt utskorne portalar av Sogn-Valdres-typen, med dyrehovud og rankemotiv. På veggen over ytterportalen var det tidlegare eit madonnahovud av eik frå 1200-talet. I dag er figuren på Valdres Folkemuseum, men ei avstøyping står på altaret i stavkyrkja. Den eldste døypefonten er av kleberstein og tre, og foten er frå 1150–1200. Kyrkja har også ein døypefont frå 1800-talet. I kyrkja står ei kassekiste som vert kalla runekista, fordi ho har to runeinnskrifter.

Stopulen er i to etasjar, med klokkestove i andre etasje. Han er bygd i 1771, men truleg stod det ein eldre stopul på staden tidlegare.

Ein av dei moderne pilegrimsvegane startar ved Hedalen stavkirke og går via Reinli stavkyrkje, Lomen stavkyrkje, Høre stavkyrkje og Øye stavkyrkje til St. Thomas-kyrkja på Filefjell.

«Lomiskyrkja» av Ola Teigstol

Liti o brun so trygt ho står
mæ stupule attåt so tenar.
Klukkudn ringi snart tusen år,
og ingjin stan låte dei venar.

Stig du inn, tak huva di tå!
Gå stilt på dei gamle planko!
Hugs på far din o mor di då,
dei sto der i sene tanko.

To vers frå diktet «Lomiskyrkja» av Ola Teigstol, skrive kring 1895. Frå Knut Hauge: Lomen stavkyrkje: frå ca 1200-åra og fram til 1970. Valdres 1971.  
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, nb.no

Kjelder

Knut Hauge: Lomen Stavkyrkje frå ca. 1200-åra og fram til 1970. Valdres Trykkeri 1971

Riksantikvaren: «Lomen stavkyrkje – spartansk og stemningsfull», riksantikvaren.no: https://www.riksantikvaren.no/Tema/Kirker/Stavkirker/De-enkelte-stavkirkene/Lomen-stavkyrkje-spartansk-og-stemningsfull [lesedato 28.2.2019]

Riksantikvaren: Lomen stavkyrkje – Dokumentasjon av stavkyrkjeprogrammet. Rapport 2016, ra.brage.unit.no: https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421100 [lesedato 28.2.2019]

Stavkyrkjeeigarforum: Lomen stavkyrkje, stavechurch.com: http://www.stavechurch.com/lomen-stavkyrkje/ [lesedato 28.2.2019]

Peikarar

Sigrid Christie, Ola Storsletten, Anne Marta Hoff: «Lomen gamle kirke», i NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no

NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no

Først publisert: 12.11.2019
Sist oppdatert: 19.11.2019