Hopp til innhold
X
Innhald

Oscarshall

Oscarshall er eit lystslott på Bygdøy i Oslo.

Det vart bygd mellom 1847 og 1852 i nygotisk stil for Oscar I. Arkitekt var Johan Henrik Nebelong, som også teikna møblane og innreiinga. Lystslottet er utsmykka av norske målarar og bilethoggarar i nasjonalromantisk ånd. Sidan 1863 har Oscarshall vore i statleg eige.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016