Hopp til innhold
Reinli stavkyrkje. Foto: Robot Brainz på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
Reinli stavkyrkje. Foto: Robot Brainz på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

Reinli stavkyrkje

Reinli stavkyrkje er ei stavkyrkje i Sør-Aurdal kommune i Valdres, og ho ligg i Hamar bispedøme. Kyrkja er bygd tidleg på 1300-talet.

Reinli stavkyrkje er ei einskipa stavkyrkje. Ho har eit enkelt rektangulært skip utan frittståande stavar og eit kortare kor med apsis i full breidde. Kyrkja er den einaste stavkyrkja som har vore bygd med skip og kor i same breidd. Ein lukka svalgang går rundt kyrkja. I alt har kyrkja seks portalar, tre i svalgangen og tre i sjølve kyrkja, og dei er dekorerte med halvsøyler og pilastrar.

Det er utført arkeologisk utgraving under kyrkjegolvet, og der vart det funne spor av ei eller kanskje to eldre kyrkjer på staden. Det vart òg funne myntar frå 1200-talet.

Kyrkjestaden er første gong nemnd i ei oversikt over norske kyrkjebygg i 1327, då pavelege utsendingar var på vitjing. Årringprøver viser at tømmeret til Reinli stavkyrkje er hogge i åra 1323–26. Kyrkja fekk vindauge i 1850-åra. I 1880-åra vart kyrkja restaurert og fekk mønekammar og utskorne vindskier. Det var truleg spontak på kyrkja tidlegare, men det vart erstatta med skifertak under restaureringa på 1800-talet. Kyrkja vart sist restaurert gjennom stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren i åra 2007–09.

Reinli stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene våre. Ho har 12 innviingskrossar frå mellomalderen, og ho er den einaste kyrkja i landet som enno har alle dei tolv krossane. Elles har det vore store endringar innvendig, og berre altertavla og døypefonten er att av inventaret frå mellomalderen. Stopulen stod opphavleg på den andre sida av vegen. I 1826 vart det bygd ny stopul, og i 1870-åra vart han ombygd, slik at han òg kunne fungere som porthus.

Ein av dei moderne pilegrimsvegane startar ved Hedalen stavkirke og går via Reinli stavkyrkje, Lomen stavkyrkje, Høre stavkyrkje og Øye stavkyrkje til St. Thomas-kyrkja på Filefjell.

Kjelder

Ivar Aars: «Reinli stavkyrkje», Årbok for Valdres 2013, nr. 29 i serien «Kyrkja vår»

 

Riksantikvaren: «Reinli stavkirke – svært godt bevart», riksantikvaren.no: https://www.riksantikvaren.no/Tema/Kirker/Stavkirker/De-enkelte-stavkirkene/Reinli-stavkirke-svaert-godt-bevart [lesedato 27.2.2019]

Riksantikvaren: Reinli stavkyrkje – Dokumentasjon av stavkyrkjeprogrammet. Rapport 2016, ra.brage.unit.no: https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421102 [lesedato 27.2.2019]

Stavkyrkjeeigarforum: Reinli stavkyrkje, stavechurch.com: https://www.stavechurch.com/reinli-stavkirke/ [lesedato 28.2.2019]

 

Peikarar

Sigrid Christie, Ola Storsletten, Anne Marta Hoff: «Reinli stavkirke», i NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no

NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no

Først publisert: 19.08.2019
Sist oppdatert: 15.11.2019