Hopp til innhold
X
Innhald

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje er ei stavkyrkje i Luster i Sogn som vart bygd på første del av 1100-talet.

Ho er rekna som den eldste bevarte stavkyrkja i Noreg. Portalen, veggplankane og hjørnestolpen med rikt utskorne dyremotiv er tekne over frå ei stavkyrkje som vart bygd på andre del av 1000-talet. Urnes stavkyrkje står på UNESCO-lista over verdas natur- og kulturarv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016