Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomslagsfaner

Ungdomslagsfanene er både politiske, romantiske og nasjonale. Dei fortel mykje om tida dei er laga i, og om rørsla dei skulle representere.

Det blir sagt at allereie dei gamle egyptarane brukte faner, for fleire tusen år sidan. Og kinesarane var kanskje like tidleg ute. Norske og danske vikingar brukte faner med Odins ramnar, Hugin og Munin, på. Frå midten av 1600-­talet finst det norske bygdefaner som blei brukte av bondetropper frå enkelte bygder. Også det gamle laugsvesenet brukte slike kjenneteikn.

På 1800­-talet begynte så frivillige organisasjonar i Noreg å bruke faner. For dei tidlege fagforeiningane var dette viktige kamp­ og identitetsmerke. Etter kvart kom song­ og musikkforeiningar, skyttarlag, idrottslag – og ungdomslag. Dei eldste ungdomslagsfanene er frå slutten av 1880-­talet. Og tida omkring 1905 er ei stordomstid for ungdomslagsfanene.

Kva er ei fane?

Ei fane er – i alle fall i dei fleste tilfelle – ein tøyduk festa til ei eller fleire stenger. For å kunne kallast ei fane, må duken også ha ei eller anna form for tekst, farge, dekor eller biletutsmykking som viser at ho høyrer til ei bestemt gruppering. I motsetning til flagget finst fana nesten alltid i bare eitt eksemplar. Og det er klart at dette gjer fana til eit unikt kunst­ eller kunsthandverksprodukt. I samlinga av ungdomslagsfaner finst det eksempel på at to lag har brukt nøyaktig same motiv på fana si. Det er likevel svært sjeldan. Fanene kan ha ulik form. På dei fleste norske faner er tøyduken ganske stor, har rektangulær form og heng ned frå ei tverrstong som blir festa til sjølve fanestonga når fana er i bruk. Det finst også ei anna utgåve – banneret. Det har som regel noko mindre, meir kvadratisk format, og duken er festa både vertikalt til fanestonga og til ei stong vinkelrett på denne.

På mange av ungdomslagsfanene ser vi at det er gjort mykje ut av toppstykket på fanestonga, og av ende­ stykka på tverrstonga. På mange banner er dessutan tverrstonga eit kunstverk i seg sjølv, utført av ein fin­ smed, metallkunstnar eller treskjærar. Det er altså meir enn ein type handverkar som har vore i sving for å få fana i stand, i tillegg til kunstnaren som teikna motivet, og som i mange tilfelle også utførte dette arbeidet.

Historismen

I siste halvdel av 1800­talet, ikkje minst på 1870-­, 80-­ og 90­.talet, har vi i Noreg – som i Europa elles – sterke tendensar til det som blir kalla historisme innanfor kunst, design og arkitektur. Det betyr at ein tek etter tidlegare tiders stilartar. Ein lagar f. eks. såkalla ny­gotiske, nyklassiske eller nybarokke kunstverk.

Hæglands Ungdomsforening 1.jpg?w=600

Denne tendensen ser vi i faneproduksjonen også, særleg når det gjeld dei første fanene i samlinga vår. Eit vakkert eksempel er fana til Hæglands ungdomsforening i Vest­Agder, som blei produsert ein gong på 1890­talet. Vi ser Aurora, morgenrødens gudinne, kledd i ein typisk romersk drakt og sandalar, og svingande med ei blom­ stergrein i handa. Aurora var ei romersk gudinne, søster til sol og måne. Kunstnaren såg henne truleg som sym bol på det nye Noreg som skulle stiga fram. Vi ser at fana elles har eit enkelt, klassisk preg som peikar mot antikke ideal. Dette gjeld både den varsame fargebruken og den rette forma. Faneduken er smalare og enklare dekorert enn seinare i utviklinga innanfor fanesjangeren.

Fagerlunds ungdomslag i Oppland har ei fane frå 1895 som har noko av det same i seg. Men her er det ein historisme som spelar meir på eldre norsk historie. Det er kvinna med luren vi møter. Men det er det same enkle, klassiske preget på denne som på Hæglandsfana.

Den gamle fana til Eids Ungdomslag i Nordfjord er på ein måte ei blanding av dei to. Vi ser ei skjoldmøy, med sverd og skjold. Men i eikelauvet over henne sit det ein liten amorin som høyrer til innanfor internasjonal barokk. Og i fana til Voss Ungdomslag har kunstnaren Nils Bergslien tatt nybarokken heilt ut. Her er det søte, runde englar som løftar fakkelen og laurbærkransen over skyene.

Sjølvsagt blei det måla faner i slike nystilar også sein­ are. Mons Breidvik si fane til Hafslo Ungdomslag i Sogn frå 1912 er eit flott eksempel på det. Her ser vi truleg guden Heimdall som blæs i gjallarhorn. Men han er plassert på knall raud silkeduk. Den forsiktige farge­ bruken frå tidlegare tider er slutt!

Nasjonalromantikk og jugend

Innviks Ul. 1_.jpg?w=600

Mot slutten av 1800­talet skjedde det i heile Europa ei nyorientering når det gjeld utforminga av det estetiske miljøet vi omgir oss med. I internasjonal kunsthistorie får vi det bsom blir kalla Jugend-stil eller Art Noveau. I den nye kunsten skulle dei organiske linjene stå sterkt. Ein gjekk bort frå å etterlikna histo­ riske stilartar, og såg meir på naturen og miljøet rundt seg. I England snakkar ein også om Arts and Crafts­ rørsla, som arbeider for eit nært forhold mellom kunst og handverk for å oppnå god kvalitet. Ein slik tanke­ gang måtte vera svært aktuell for faneprodusentane.

Og desse nye ideane slo djupe røter også i Noreg. Men hos oss blir dei forbundne med dei sterke nasjonale straumdraga i åra fram mot 1905. Vi leitar etter ein eigen nasjonal dekorativ stil, gjerne med røter i folke­ kunsten og i norsk middelalder.

Samtidig ser vi at fleire av dei store norske kunstna­ rane i samtida, som har fått utdanning ute i Europa, begynner å slå seg ned i heimlandet. I 1886 er det ein krins av kunstnarar rundt målaren Erik Werenskiold som slår seg til på garden Fleskum i Bærum. I fleire somrar held dei til her, og skaper det vi seinare gjerne har kalla stemningslandskapet i norsk kunst.

Vi snakkar også gjerne om den nyromantiske perio­den i kunsten, som særleg var viktig på 1890­talet. Ein skal ikkje lenger bare måla den naturen ein ser – objek­ tivt og sannferdig ­, ein skal gi si personlege tolking av stemninga i naturen. Skumringstimen var sett på som spesielt stemningsfull i så måte.

I samlinga vår av ungdomslagsfaner kan vi på mange måtar sjå dei same tendensane som i kunsten elles. Den profesjonelle fanemålaren Ole Ekornes måla i 1899 ei fane til Innviks Ungdomslag i Nordfjord, der vi ser kon­ turane av stemningsmåleriet tydeleg. Det er noko mørkt og mystisk over dette norske fjordlandskapet. I fram­ grunnen ser vi også kyrkjetårnet, og over det heile svevar ei ørn. Det er krefter i sving her!

Politisk kunst

Norskdomslaget 2.jpg?w=600

Men landskapsbildet frå Innvik er innramma, slik vi ser på så mange faner også seinare. Dei skulle ha meir med enn sjølve bildemotivet. Ei fane er ingen typisk deko­ rativ kunst, sjølv om dei dekorative elementa er sterke. Det er kunst med bodskap – altså politisk kunst, særleg i desse første tiåra før og etter 1905. «Upp og fram» står det på Innvikfana, og på baksida: «Sol yver Heim og Fedraland». Her, på baksida, er det den oppstigande morgonsola vi ser. Og midt i den: handa som kjem opp med det norske flagget. Noreg stig fram – vi nærmar oss 1905! Vi ser også eit anna kjent bildesymbol her: to hender som grip i kvarandre. Vi må stå saman skal vi få dette til!

Dette handslaget er ein del av ikonografien som først og fremst er henta frå arbeidarrørsla sine faner. Og vi ser slik grenseoverskridande symbolikk i ein god del faner også i slagord­ bruken: «By og land, hand i hand», Arbeidarpartiet sitt valkampslagord frå 30­talet, finn vi også til dømes på banneret til Norskdomslaget i Pors­ grunn frå same periode.

Både kunst og handverk

Hendens Ul. gml. 1.jpg?w=600

Fana er, som sagt, også eit uttrykk i skjeringspunktet mellom kunst og handverk. På desse første fanene er det ikkje nok at bilda og slagorda er slik ein vil ha dei. Heile fana skulle vera velgjort og velproporsjonert.

Innvikfana er måla på raud silkeduk på framsida, og heilt lys på baksida. Men i tillegg har ho gullfarga kappe øvst. Bokstavar, innramming og possement (duskar og frynser) er også gullfarga. Nedst er faneduken delt i tre spissar. Den midterste er større enn dei to på sidene. Alle flikar har frynser, og ein dusk nedst. Oppsplittinga er dessutan utnytta til dekorative element. Og på sidene er det lange og korte snorer med duskar. Stonga som faneduken er festa til, har fått eit toppstykke i form av ein fakkel, eit vanleg symbol på mange ungdomslags­ faner. Og tverrstonga endar i eit spyd på kvar side. Her har det tydeleg vore arbeid for fleire enn han som teikna og måla motivet. Gode sydamer og ein framifrå fin­ snekkar har også bidratt.

Seinare i fanehistoria blir det gjerne lagt mindre vekt på denne heilskapen. Faneduken blir også meir firkanta, utan oppsplitting nedst, og utan ein fullverdig kappe øvst. Ole Ekornes d.e. sine seinare faner har gjerne ei «kappe» som er måla på øvst, altså ikkje eit ekstra tøy­ stykke. Dette var truleg ein billegare variant enn den vi finn på Innvikfana. Men for desse første faneeigarane var fana ein viktig skatt, og det var eit identitetsmerke. Ein kunne ikkje slurva med slikt, sjølv om fana kunne kosta opp mot tusen kroner, som var mykje pengar i den tid. Det er fortalt om Abraham Henden i Nordfjord, som i 1899 måla fana til ungdomslaget i heimbygda, at han ikkje var nøgd med resultatet. Difor måla han ei ny i 1917. Men motivet er det same: Eit innramma land­ skap frå heimetraktene. Og i framgrunnen:  nasjonal­helten Henrik Wergeland, saman med det reine norske flagget og ei løve som ser vesentleg meir organisk ut enn den riksløva vi finn på så mange faner frå tidleg 1900­ tal. Personleg held eg ein knapp på Abraham si første fane. Den er meir mystisk og stemningsfull, mindre naturalistisk. Men tida og stilen har sjølvsagt endra seg på dei 18 åra. Den siste fana har også sterkt blå silkeduk, mens den første faneduken var naturfarga.

Astrup-fanene

Ein av dei store kunstnarane som kom heim og slo seg til tidleg på 1900­-talet, var Nikolai Astrup frå Jølster. Frå 1902 er han fastbuande i heimbygda ved Jølstravatnet i Sunnfjord, etter kvart på eige småbruk. Det er sagt at han som målar er aller best i denne første perioden i Jølster. Han er noko yngre enn stemningsmålarane på 1800­talet, men han har mykje av det same i måten å måla på. Kjensla av naturmystikk er likevel endå sterkare hos han, og han er på leit etter det primitive og naive i måten å uttrykkja seg på. Astrup­fanene er fargesterke, og han er ikkje så opptatt av sentralperspektivet som kunstnarane hadde vore på 1800­-talet.

I fanehistoria er vi så heldige at vi har heile sju faner som er måla av Astrup, alle frå det som blir rekna som hans beste periode. Ikkje alle er like godt tatt vare på, men vi kan tydeleg sjå «meisterkloa» i dei. Alt i 1904 fekk Gjesdal Ungdomslag måla fana si hos han. Vi ser eit Sunnfjordlandskap som er meir naivistisk og farge­ sterkt enn mange andre «fanelandskap». Og i skuronns­ motivet på baksida kjenner vi igjen Astrup sin måte å levandegjera naturelementa på. Her er det straks før kornstaurane går sine eigne vegar!

Fana til Stardalens Ungdomslag verkar meir natur­ romantisk, med kvinna som plukkar bær i ein haust­ farga dalbotn. Men i Sanddalen Ungdomslag si fane, som er frå 1921, er det den karnevalistiske Astrup som spring ut i full bløming. Ungdomen dansar på brua i sommarkvelden, og i framgrunnen har ein av steinane i elva blitt til ei karnevalsmaske. Om ho græt eller ler, er meir uvisst. Her kan litt av kvart skje! I 1904 har Astrup også måla fane til Svanøy Ul på Sunnfjordkysten. Den har kystlandskapet som motiv, og jenta som vinkar farvel til dei sjøfarande. Det er eit stemningslandskap – kanskje eit av få havbilde for Astrups vedkomande? Men samtidig har motivet tyde­ leg art nouveau­preg, med den bølgjande linjeføringa. Og denne fana er betre tatt vare på enn ein del av dei andre Astrup­fanene.

Astrup har også måla riksløva i enkelte av sine faner, slik ynskjet ofte var hos dei som skulle ha seg fane omkring 1905. Både Breidablik Ul og Aalhus Ul har slike. Breidablik har dessutan fått ein fakkel i form av eit skikkeleg «Astrup­bål» på baksida!

Ei av dei mest særprega Astrup­fanene er likevel den til Myklebust Ul. Her ser vi i framgrunnen eit par som plukkar eple frå eit stort tre – det dominerande i moti­vet. Bak treet kjenner vi igjen Myklebustgrenda, med skulehuset ved vatnet og fjellet Orkja i bakgrunnen. Det er sagt at han har fått med alle gardane i grenda. Treet står på eigdomen til kameraten hans, læraren Anton Fonn. Og ser vi nøye etter, finn vi den grå stua der målaren sjølv budde ei tid, i vika til høgre på bildet. Men Astrup vil meir enn å gi eit bilde av Myklebust­ grenda. Er det ikkje skapingshistoria og kunnskapstreet som her er framheva? Adam og Eva er ute på eple­ plukking. «Eit godt tre ber god frukt», står det under. Og bibelske sitat går igjen i fleire Astrup­faner. «Ette so Du saar so skal Du hauste», står det under kornstakkane i Gjesdalen. Og bærplukkaren i Stardalen får også ei bibelsk melding: «Leite, so skulo de finna».

Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015.

Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 12.12.2017