Hopp til innhold
X
Innhald

Albrecht Dürer

Albrecht Dürer, 1471–1528, var tysk målar, teiknar, grafikar og kunstteoretikar, og ein av dei største kunstnarane i Tyskland gjennom tidene.

I kunsten sin sameinte han den visjonære biletfantasien frå tysk seingotikk med den humanistiske røyndomsinteressa og formsøkinga frå renessansen. Mellom hovudverka hans finn ein portrett og bilete med bibelske og allegoriske motiv. Særleg kjend er han for grafiske verk. Dürer utvikla koparstikk-teknikken og skreiv teoretiske verk om mellom anna geometri og om proporsjonane til menneskekroppen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017