Hopp til innhold
X
Innhald

Andrea Mantegna

Andrea Mantegna [-tenja], 1431–1506, var italiensk målar, grafikar og ein av banebrytarane for målarkunsten i renessansen.

 Det mest kjende verket hans er freske-utsmykkinga av det såkalla Camera degli Sposi i hertugpalasset i Mantova (1465–74), med portrett av medlemmene i Gonzaga-familien og det første eksempelet på illusjonistisk takmåleri i renessansen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2017
Sist oppdatert: 09.11.2017