Hopp til innhold
X
Innhald

Brueghel

Brueghel [brøchel], flamsk målarfamilie

Pieter Brueghel d.e., ca. 1528–69, kalla Bonde-Brueghel, er den mest kjende og den største målaren og teiknaren i Flandern på 1500-talet. Han skapte landskaps- og sjangerscener og religiøse motiv som det kjende Barnemordet i Betlehem, der den bibelske forteljinga er sett inn i ein bondelandsby frå samtida hans. 

Sønene hans var Pieter Brueghel d.y., 1564–1638, kalla Helvetes-Brueghel, som ofte kopierte faren og gjerne måla djevlar, hekser o.l., og Jan Brueghel, 1568–1625, kalla Fløyels-Brueghel, som måla landskap og blomstrar, delvis på bilete der Rubens måla figurane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017