Hopp til innhold
X
Innhald

Charles Le Brun

Charles Le Brun, 1619–90, var fransk målar og interiør- og gobelindesignar. 

Le Brun skapte den pompøse og seremonielle hoffstilen til Ludvig XIV i Versailles, der den største utsmykkinga hans var takmåleria i den kjende spegelsalen. Han var elles med på å grunnleggje École des Beaux-Arts i Paris i 1648 og vart direktør der i 1663.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2017
Sist oppdatert: 07.11.2017