Hopp til innhold
X
Innhald

Cranach

Cranach, tysk målarfamilie.

Lucas Cranach d.e., 1472–1553, var målar og grafikar. Han måla portrett av mellom andre Luther og hadde ein stor verkstadproduksjon i Wittenberg saman med sønene Hans Cranach og Lucas Cranach d.y., 1515–86, som var målar, og som førte verkstaden til faren vidare. Han er elles særleg kjend for portretta sine.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017