Hopp til innhold
X
Innhald

Diego Rodríguez de Silva y Velázquez

Diego Rodríguez de Silva y Velázquez [belaþkeþ], 1599–1660, var spansk målar.

Velázquez var ein av dei viktigaste målarane på 1600-talet. Han verka som hoffmålar hos Filip IV og arbeidde stort sett med verdslege motiv. Han skapte framifrå portrett av kongefamilie og hoffolk, men også av menneske frå ulike lågare samfunnslag, skildra med innleving og respekt. Karakteristisk er det oppløyste penselstrøket som først på avstand smeltar saman i skildrande former. Mellom hovudverka hans finn ein Las Meninas (Hoffdamene, 1656) og eit omsynslaust avslørande portrett av pave Innocens X (1650).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017