Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Pauelsen

Erik Pauelsen, 1749–90, var dansk målar og grafikar.

Pauelsen var ein av dei første til å interessere seg for den norske naturen. Han gjorde ei studiereise til Austlandet i 1788 og vart svært viktig for den norske nasjonalromantikken med storslåtte motiv som Sarpsfossen i Norge (1789).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017