Hopp til innhold
X
Innhald

Hieronymus Bosch

Hieronymus Bosch [bås], ca. 1450–1516, var nederlandsk målar.

Bileta hans uttrykkjer den moralske verdsoppfatninga frå mellomalderen, der menneskelege lyster, vondskap og dårskap blir skildra med burlesk og grotesk fantasi. Bosch vart med draumeaktige og samtidig naturalistiske skildringar av dyreliknande menneske, fantasiskapningar og demonar ein inspirasjon for surrealistane. Eit hovudverk er Lysthagen, ca. 1510–16 (i Madrid).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017