Hopp til innhold
X
Innhald

Johann Heinrich Füssli

Johann Heinrich Füssli (også Henry Fuseli), 1741–1825, var sveitsisk-britisk målar, teiknar og forfattar.

Frå 1764 budde han i London. Füssli måla klassiske litterære motiv og sameinte ideane frå nyklassisismen og romantikken i ei forunderleg biletverd. Han var hadde også stor påverknadskraft som kunstskribent og førelesar, og han vart professor ved Royal Academy i 1799. Elles gav han mellom anna ut Lectures on Painting (1801–20). Füssli vart oppdaga på nytt av surrealistane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017