Hopp til innhold
X
Innhald

Lippi

Lippi, italienske målarar.

Fra Filippo Lippi, ca. 1406–69, måla religiøse motiv i ein delikat dekorativ stil, mellom anna freskar i domkyrkjene i Prato og Spoleto. Sonen Filippino Lippi, ca. 1457–1504, var elev av Botticelli og ein nyskapande renessansemålar. Lippi var aktiv i Firenze, som far sin.

Først publisert: 09.11.2017
Sist oppdatert: 09.11.2017