Hopp til innhold
X
Innhald

Nicolas Poussin

Nicolas Poussin, 1594–1665, var fransk målar og kunstteoretikar.

Poussin var den viktigaste innanfor det franske klassisistiske måleriet på 1600-talet. Han fekk også stor innverknad på utviklinga av fransk kunst og vart eit ideal for klassisk orienterte kunstnarar på 1700- og 1800-talet. Poussin er særleg kjend for Et in Arcadia ago (1639–40) og serien Dei fire årstidene (1660–64).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017