Hopp til innhold
X
Innhald

Peter Paul Rubens

Peter Paul Rubens, 1577–1640, var nederlandsk målar og ein av dei store stilskaparane i barokken.

Han budde i Italia frå 1600 til 1608. Frå 1609 verka han som hoffmålar i Antwerpen. Rubens leidde eit stort atelier med medhjelparar og elevar (m.a. van Dyck). Han måla alle typar motiv, som religiøse, mytologiske og historiske motiv, jaktbilete, landskap og portrett. Rubens har eit frodig, sanseleg formspråk som er koloristisk dristig og sterkt dramatisk. Det gir ein plastisk verknad og viser suveren meistring av det veldige formatet.

Hovudverka hans er mellom andre Nedtakinga av krossen (1611–14) i Antwerpen katedral, Bortføringa av døtrene til Levkippos, Amasoneslaget og Løvejakta (kring 1616). Han hadde mange store utanlandske bestillingar – mellom anna utførte han frå 1621 og utover 21 store bilete frå livet til Maria av Medici i Luxembourg-palasset i Paris (no i Louvre). Rubens hadde også diplomatiske oppdrag: Han leidde mellom anna dei spansk-britiske fredsforhandlingane i Madrid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017