Hopp til innhold
X
Innhald

Pietro da Cortona

Pietro da Cortona, 1596–1669, var italiensk målar og arkitekt.

Cortona skapte barokke takmåleri med illusjonistiske romeffektar i Palazzo Barberini (1633–39) og Santa Maria in Vallicella (1655–56), begge i Roma, og i Palazzo Pitti i Firenze (1641–47). Han teikna dessutan fasaden til Santa Maria della Pace i Roma (1656).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017