Hopp til innhold
X
Innhald

Pol de Limbourg

Pol de Limbourg var fransk-nederlandsk miniatyrmålar som verka tidleg på 1400-talet.

De Limbourg illustrerte saman med brørne Jean og Herman ei bønnebok for hertugen av Berry, Les Très Riches Heures du Duc de Berri, 1413–16. Dette verket er eit av dei første døma på realistiske landskapsskildringar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2017
Sist oppdatert: 07.11.2017