Hopp til innhold
X
Innhald

Sandro Botticelli

Sandro Botticelli [båttitsjelli], ca. 1445–1510, var italiensk målar.

Botticelli verka i Firenze og var ein av dei viktigaste målarane i renessansen. Han var mellom dei første til å måle klassiske og mytologiske motiv. Nokre av dei mest kjende bileta hans er Våren og Fødselen til Venus. Dessutan illustrerte han Den guddomlege komedien av Dante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017