Hopp til innhold
X
Innhald

van de Velde

van de Velde [felde], nederlandsk målarfamilie

Willem van de Velde d.e., 1611–93, utmerkte seg særleg som marinemålar. Frå 1674 verka han som engelsk hoffmålar. Willem van de Velde d.y., 1633–1707, var son av førstnemnde. Han er rekna som den største marinemålaren i Nederland. Frå 1675 var han hoffmålar i London saman med faren frå 1675. Adrian van de Velde, 1636–72, var også son av førstnemnde. Han er kjend for sine landskaps-, dyre- og sjangermåleri, og for portrett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017