Hopp til innhold
X
Innhald

Vernet

Vernet [vernε], fransk kunstnarfamilie.

Claude Joseph Vernet, 1714–89, var målar. Han måla landskapsbilete med karakteristiske skildringar av landsbygda, hamner og kyststrok, og han gjorde inngåande studiar av lysverknader. Carle Vernet (eigentleg Antoine-Charles-Horace), 1758–1836, var målar og grafikar. Han var son av førstnemnde og måla bilete frå Paris og jakt- og slagscener. Horace Vernet (eigentleg Émile-Jean-Horace), 1789–1863, var målar og grafikar. Han var son av Carle Vernet og er særleg kjend for heroiserande slagscener frå napoleonstida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017