Hopp til innhold
X
Innhald

Veronese

Veronese (eigentleg Paolo Caliari), 1528–88, var italiensk målar.

Han var ein stor utsmykkingskunstnar og står bak kjende freskar i kyrkja San Sebastiano i Venezia. Kjende måleri er mellom andre Bryllaupet i Kanaan (1562–63) og Gjestebodet hos Levi (1573).

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017