Hopp til innhold
X
Innhald

William Hogarth

William Hogarth, 1697–1764, var britisk målar og grafikar

Han er kjend for Moral Pictures («moraliserande bilete») som også vart gitte ut i svært populære koparstikkseriar, bl.a. Livet til ei skjøkje, Livet til ein vellysting og Det moderne ekteskapet. Bileta var skarpe, satiriske kommentarar til moraldebatten i samtida. Hogarth var også portrettmålar med karakterfulle skildringar av den engelske middelklassen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017