Hopp til innhold
X
Innhald

Arnold Böcklin

Arnold Böcklin, 1827–1901, var sveitsisk-tysk målar.

Böcklin var ein representant for klassisk seinromantikk og symbolismen, og skapte bilete med litterært og religiøst innhald. Dødsøya (Toteninsel) måla han i fleire versjonar frå 1880. Desse høyrer til mellom dei mest kjende verka hans og er utstilte på kunstmuseet i Basel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017