Aubrey Vincent Beardsley
Aubrey Vincent Beardsley [biədzli], 1872–98, var britisk teiknar og illustratør.
Med raffinerte, silhuettaktige teikningar i ein bølgjande strek er han ein av dei fremste representantane for art nouveau. Dei dristige illustrasjonane hans til Salome av Oscar Wilde provoserte det viktorianske borgarskapet i samtida.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 07.12.2017