Hopp til innhold
X
Innhald

Berthe Morisot

Berthe Morisot [-zå], 1841–95, var fransk målar og impresjonist. Morisot var påverka av svogeren Édouard Manet. Bileta hennar er karakteriserte av raske, fjørlette penselstrøk og eit mjukt, varmt lys. Motiva spenner over landskap, portrett og heimlege scener.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017