Hopp til innhold
X
Innhald

Claude Monet

Claude Monet [måne], 1840–1926, var fransk målar og ein av dei fremste representantane for impresjonismen, som fekk namn etter måleriet hans Impression. Soleil levant (1874). Monet måla mellom anna ein serie med bilete av katedralen i Rouen under ulike lysforhold. Vinteren 1895 var han i Noreg og måla motiv frå Sandvika.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017