Hopp til innhold
X
Innhald

Édouard Manet

Édouard Manet [-ne], 1832–83, var fransk målar.

Meisterverka Frukost i det grøne og Olympia (begge 1863) vekte skandale; dei nakne kvinnefigurane her var ikkje sette inn i ei idealisert klassisk eller mytologisk scene, slik konvensjonen var, men skildra realistisk og nærverande. Manet vart viktig for impresjonistane på grunn av det klare synet han hadde på måla og midla med måleriet, men han brukte ikkje fargeteknikken deira.

Først publisert: 09.11.2017
Sist oppdatert: 09.11.2017