Hopp til innhold
Foto: Nasjonalbiblioteket ca 1889 (No known copyright restrictions/ public domain)
Foto: Nasjonalbiblioteket ca 1889 (No known copyright restrictions/ public domain)
X
Innhald

Edvard Munch

Edvard Munch, målar og grafikar, verdskjend for dei ekspressive og symbolistiske bileta sine. Motiva krinsa kring eksistensielle tema som kjærleik, sjalusi og død, med eit kunstnarleg uttrykk som braut med biletkonvensjonar i samtida.

Edvard Munch var fødd 12. desember 1863 i Løten i Hedmark, men familien flytta til Oslo året etter. Mellom 1889 og 1909 budde han vekselvis i Tyskland og Frankrike og busette seg sidan i Noreg. Munch døydde på Ekely då han var 80 år gamal, 23. januar 1944.

17 år gamal avbraut Munch ingeniørutdanninga ved Christiania Tekniske Skole til fordel for kunsten, og året etter var han elev ved Den Kongelige Tegneskole. I 1882 fekk han rettleiing av målaren Christian Krohg i kunstnarkollektivet «Pultosten». Kristianiabohemen Hans Jæger var ein viktig støttespelar for Munch i 1880-åra.

Munch debuterte på Industri- og kunstutstillinga i Oslo i 1883 og arrangerte si første separatutstilling i same byen i 1889.

I barndomen opplevde Munch at mora og systera vart råka av døyeleg tuberkulose, noko som kom til å prege kunsten hans som eit eksplisitt motiv. «Døden i sykeværelset» er eit døme, eit bilete som saman med «Madonna», «Skrik», «Melankoli» og fleire andre utgjer «Livsfrisa».

Munch var ein radikal kunstnar og utfordra verkemidla i biletkunsten, og han utforska motiva sine i både måleri, tekst, fotografi, skulptur og grafikk. Innanfor grafikken var han ein pioner.

Kunsten hans er utprega symbolistisk, med inspirasjon frå den franske syntetismen. Det karakteristiske uttrykket gjer Munch til ein av dei viktigaste forløparane til dei ekspresjonistiske retningane på 1900-talet. I dag har Munchs kunst ein sentral posisjon i verdskunsten.

I 1908 vart Munch slått til riddar av St. Olavs Orden, og på 70-årsdagen vart han tildelt storkorset av same orden.

Måleri av Edvard Munch: «Badende mann» (1918). Eigar: Nasjonalmuseet, foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland CC BY-NC 4.0.

Måleri av Edvard Munch: «Badende mann» (1918). Eigar: Nasjonalmuseet, foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland CC BY-NC 4.0.

Ekspressive år

Oppveksten til Munch var prega av sjukdom og død. Sjølv leid han av kronisk astmabronkitt, noko som lenkja han til senga i lengre periodar. Mora, Laura, døydde då han berre var fem år gamal, medan systera Sophie døydde av tuberkulose i 1877.

Desse opplevingane gav ein resonansbotn til dei eksistensielle spørsmåla som seinare skulle prege kunsten hans, ofte med eksplisitte sjølvbiografiske drag. Det sjølvbiografiske har òg vorte sett i samanheng med Kristianiabohemens første bod: Du skal skrive ditt liv!

I 1886 var Munch representert på haustutstillinga i Kristiania med «Det syke barn», den gongen med tittelen «Studie». Måleriet utløyste ein sjeldan kritikk i norsk kunst. Munch vart latterleggjord av publikum og uthengd av pressa, som kalla måleriet ein «fiskefarse i hummersaus».

Måleri av Edvard Munch: «Det syke barn» (1885–86). Eigar: Nasjonalmuseet, foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland CC BY-NC 4.0.

Måleri av Edvard Munch: «Det syke barn» (1885–86). Eigar: Nasjonalmuseet, foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland CC BY-NC 4.0.

Men samstundes var fleire oppglødde over det nye kunstuttrykket til Munch. Ein av dei var landskapsmålaren Adelsteen Normann, som på vegner av Verein Berliner Künstler inviterte Munch til å stille ut i Berlin i 1892. Men konservative krefter i kunstforeininga fann utstillinga sterkt provoserande og stengde henne etter ei knapp veke.

Etter denne utstillinga vart Munch buande i Berlin i tre år. Frå miljøet kring forfattarvenene August Strindberg og Stanislaw Przybyszewski fekk han både litterære og intellektuelle impulsar. Til liks med Kristianiabohemen var dette miljøet oppteke av kjærleikens skapande og destruktive krefter, som òg er eit gjennomgåande tema i kunsten til Munch.

Livsfrisa

Munch si utforsking av eksistensielle spørsmål kjem særleg til uttrykk i «Livsfrisa», som bestod av 22 måleri på Berliner secession i 1902. Her var bileta monterte som ein serie tre meter over golvet, der kvar vegg representerte eit tema: «kjærleikens kime», «kjærleikens blomstring og fall», «angst» og «død».

Det siste biletet i frisa, «Metabolisme», skaper bindeleddet mellom livet og døden. Kvinna og mannen står som Adam og Eva ved kunnskaps- og livstreet. Under føtene deira sprengjer røtene seg gjennom biletformatet og kveiler seg kring eit skjelett – som er skore i relieff i ramma.

Samla sett vert frisa rekna som Munchs hovudverk, men ho er vanskeleg å avgrense og tidfeste. Munch måla nye versjonar etter kvart som han selde kunstverk, og det finst til dømes ti versjonar av måleriet «Vampyr». På sett og vis utvikla Munch «Livsfrisa» parallelt med si eiga kunstnariske utvikling, og fullførte henne aldri.

Sjølv om Munch såg frisa som ein heilskap, har bileta i stor grad vorte ståande som enkeltverk i ettertid. Det mest kjende er «Skrik».

I 2013 vart «Livsfrisa» rekonstruert på utstillinga «Munch 150» på Nasjonalmuseet i Oslo.

galleri

Ein moderne kunstnar

Då Munch flytta attende til Noreg i 1909, hadde kunsten hans eit nytt, men like fullt utforskande preg. Han heldt i stor grad på dei gamle motivgruppene sine, men med større vekt på det formalistiske, noko som markerer Munch som ein modernistisk kunstnar.

Grafikken opna særleg for ei gransking av dei formalistiske sidene ved biletkunsten. Munch utvikla sin eigen puslespelteknikk, der han skar trykkjeplatene til etter farge, for så å pusle dei saman i trykket. I tresnittet «Kyss» har han eksperimentert med lys, form og komposisjon i eit utal av versjonar og har i tillegg nytta trestrukturen som eit verkemiddel i dei ferdige trykka.

Seriar og variasjonar er ein gjennomgåande og sentral tendens i Munchs kunst. Dette kan vi òg sjå i den fotografiske praksisen hans. Med kameraet på ei armlengds avstand eller med sjølvutløysar tok han fleire sjølvportrett i halvprofil eller ståande saman med sine eigne måleri.

Edvard Munch på lit de parade januar 1944. Foto: Nasjonalbiblioteket (No known copyright restrictions, public domain).

Edvard Munch på lit de parade januar 1944. Foto: Nasjonalbiblioteket (falle i det fri / ingen kjende restriksjonar).

Kjelder

Angela Lampe & Clément Chéroux (red.): Edvard Munch. The Modern Eye. London 2012

Rolf Stenersen: Edvard Munch. Nærbilde av et geni. Oslo 2012

Sue Prideaux: Edvard Munch. Behind the Scream. New Haven & London 2012

Peikarar

Edvard Munchs tekstar, på eMunch.no

Edvard Munch i Nasjonalmuseet

Munchmuseet

Munch 150

Dokumentar: «Munchs mødre», NRK Skole

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 13.12.2019