Hopp til innhold
X
Innhald

Eugène Delacroix

Eugène Delacroix [dəlakrwa], 1798–1863, var fransk målar og kunstteoretikar, og den fremste representanten for det romantiske måleriet.

Delacroix skapte dramatiske motiv i sterke og uttrykksfulle fargar som er utførte i ein dynamisk og pastos målarstil. Han braut med den nyklassisistiske dyrkinga av linja og den plastiske forma til fordel for sjølvstendet for fargen og den frie penselføringa. Delacroix utforma ei eiga fargelære som vart viktig for fargesynet og måleteknikken til impresjonistane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017