Hopp til innhold
X
Innhald

Fernand Léger

Fernand Léger [lesje], 1881–1955, var fransk målar og grafikar. 

Léger var ein av dei leiande kunstnarane innanfor kubismen. Han skapte abstraherte motiv med byggjeplassar og maskiner, og monumentale figurbilete. 

I 1924 starta han eigen målarskule. Han arbeidde også med keramikk, scenografi og film, og var med på utsmykking av FN-bygningen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2017
Sist oppdatert: 07.11.2017