Hopp til innhold
X
Innhald

Gustave Moreau

Gustave Moreau [mårå], 1826–98, var fransk målar.

Moreau var ein forløpar for symbolistane. Han måla mystiske og intense bilete med bibelske og mytologiske tema i ein sanseleg, glødande koloritt. Eit eige museum i Paris er tileigna Gustave Moreau.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017