Hopp til innhold
X
Innhald

James Abbott McNeill Whistler

James Abbott McNeill Whistler, 1834–1903, var amerikansk målar og grafikar.

Whistler budde frå 1855 mest i Paris og London. Han var kjend for portretta sine og var meir oppteken av å skape fargekomposisjonar enn å gje att verkelegheita, noko også bilettitlane ber bod om, som i Arrangement i grått og svart: mor til kunstnaren (1871).

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017