Hopp til innhold
X
Innhald

Katsushika Hokusai

Katsushika Hokusai, 1760–1849, var japansk målar og grafikar.

Hokusai er rekna som ein av dei største japanske biletkunstnarane. Han laga kjende seriar av fargetresnitt, mellom anna 36 bilete av Fujifjellet, Kjende bruer og Kjende fossar. Hokusai er kjend for eit stramt og stilisert formspråk som vart viktig for europeisk kunst, mellom anna for jugendstilen. Han laga over 30 000 bilete.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017