Hopp til innhold
X
Innhald

Les Nabis

Les Nabis (av hebraisk ’profet’), fransk målargruppe i Paris i åra 1888–99 som samla seg om ønsket om eit meir åndeleg måleri og dristige biletavskjeringar.

Dei var inspirerte av japanske tresnitt og syntetismen til Gauguin. Representantar er mellom andre Sérusier, Bonnard, Denis, Vuillard og Vallatton.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017