Hopp til innhold
X
Innhald

Mikhail Fjodorovitsj Larionov

Mikhail Fjodorovitsj Larionov, 1881–1964, var russisk målar. 

Frå 1914 budde han i Paris. I 1912 lanserte han saman med kona Natalja Gontsjarova rayonismen. Larionov stilte ut saman med Der Blaue Reiter. Han stod også for scenografien til fleire ballettar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2017
Sist oppdatert: 07.11.2017