Hopp til innhold
X
Innhald

Nadar

Nadar (pseudonym for Gaspard-Félix Tournachon), 1820–1910, var fransk fotograf, karikaturteiknar og forfattar.

Nadar skapte psykologiserande portrettfotografi, og modellane var kjende kunstnarar i samtida, som Sarah Bernhardt, Darwin og Monet. Han var ein pioner innanfor luftfotografi (ved å fotografere frå ballong) og i å fotografere med elektrisk lys. I 1874 vart den første impresjonistutstillinga halden i atelieret hans.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017