Hopp til innhold
X
Innhald

Nasarenarane

Nasarenarane, tysk målargruppe som busette seg i Roma.

Ho vart grunnlagd i 1809 av målaren Johann Friedrich Overbeck. Gruppa ville fornye den tyske religiøse kunsten ved å vekkje opp att tradisjonen frå tysk mellomalderkunst og italiensk ungrenessanse. Nasarenarane vart forløparar for den tyske romantiske skulen, og gruppa vart også førebilete for dei engelske prerafaelittane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017