Hopp til innhold
Nikolai Astrup. Ukjend fotograf, privat eige.
Nikolai Astrup. Ukjend fotograf, privat eige.
X
Innhald

Nikolai Astrup

Nikolai Johannes Astrup, biletkunstnar, illustratør og gartnar, med eit lidenskapeleg forhold til natur- og kulturlandskapa i Jølster, Sogn og Fjordane.

Nikolai Astrup var fødd 30. august 1880 i Bremanger og døydde av lungebetennelse i Førde 21. januar 1928. I 1883 vart faren tilsett som sokneprest i Jølster, og familien flytta inn i Ålhus prestegard. Med unntak av utdanning og studiereiser budde Astrup i Jølster heile livet.
I 1899 registrerte Astrup seg ved Den kongelige Tegne- og Kunstskole i Kristiania og byrja samstundes på Harriet Backers private målarskule. På ei studiereise gjennom Tyskland i 1901 vart han sterkt gripen av bileta til symbolisten Arnold Böcklin. Same året byrja han i lære hos Christian Krohg ved Académie Colarossi i Paris og vart inspirert av kunsten til Henri Rousseau og Paul Gauguin.
I 1902 flytta Astrup attende til Jølster for å måle. Den tiltrekkjande og rå naturmystikken pregar Kollen (1906) og Jonsokbål (1912), medan stemninga har eit meir dempa og nyromantisk uttrykk i Vårnatt i hagen (1909).
Tresnitta til Astrup var eit pionerarbeid i norsk grafikk. Fugl på stein, trykt mellom 1905 og 1914, er eit sentralt verk, og det ber tydeleg preg av japansk inspirasjon.
Astrup fekk tidleg eit godt omdøme i norsk kunstliv. Den første separatutstillinga hans i Kristiania i 1905 var ein stor suksess, og via Eilif Peterssen kjøpte Nasjonalgalleriet måleriet Stabbur i Jølster (1905). Separatutstillingane i Bergen Kunstforening i 1908 og Kunstnerforbundet i Kristiania i 1911 fekk òg gode kritikkar.
Astrup omtalte seg sjølv som ein «naturalistisk naivist» og vert rekna som den fremste heimstadkunstnaren i Noreg.
Heimstadkunstnar
Då Astrup flytta attende til Jølster i 1902, byrja han å måle dei kjende omgivnadene og landskapa kring prestegarden. Barndomsteikningane var viktige påminningar om dei ektefølte og reine naturopplevingane han hugsa frå oppveksten, og nærværet i Jølster gav han direkte tilgang til minna frå barndomen.
Det ligg ofte eit trist drag over dei første måleria til Astrup, som ei visse om at noko er forbi. Landskapsskildringane er tyngde av regnvêrsstemningar og kaldt haustvêr, og husa er gamle og slitne. Melankolien er likevel vekta med ei håpefull lysning. Den fuktige sommarnatta i Klar juninatt (1907) er opplyst av gule soleier, og i Vårnatt i hagen (1909) stig fullmånen over Jølstravatnet.
På ei studiereise til London i 1908 fekk Astrup nye impulsar frå den engelske landskapskunsten og vart særleg oppglødd over landskapsmåleria til John Constable. Rundt denne tida endra også bileta til Astrup karakter. Motiva vart metta av lysare stemningar og friskare fargar, noko Sommarvind og leikande barn (1912) er eit godt døme på.
Eit gjennomgåande trekk i Astrups kunst er samansmeltinga av natur og kultur. Fruktbare hagar og gamle stover vitnar om eit menneskeleg nærvær, trass i at bileta ofte er folketomme. Astrup nytta òg gamle folkesegner som motiv og som stemningsskapande verkemiddel.
Trass i kronisk astma og pengeløyse var livet i vestlandsbygda avgjerande for Astrup sitt kunstnarlege uttrykk.
Grafikar
I 1904 byrja Astrup å eksperimentere med tresnittkunsten. Han hadde inga formell utdanning på dette området utanom nokre fåfengde forsøk frå eit raderingskurs i 1899, men han var sterkt inspirert mellom anna av japanaren Katsushika Hokusai. Saman med Edvard Munch var Astrup ein pioner i den norske tresnittkunsten.
Tresnitta til Astrup er skarpskorne og detaljrike. Han nytta 4–6 treplater per trykk, og med pensel og oljemåling farga han trykkjeplatene med fleire fargar samstundes. Astrup likte best tynne japanske papir, som han la forsiktig over platene. Med små trykkjereiskapar kunne han variere trykket og gradere fargen, og han pressa papiret ned i målinga med ei trådsnelle eller baksida av ei skei.
Eit viktig trekk i Astrups biletkunst er utforskinga og kryssinga av måle- og trykkjeteknikkar. Dei fleste tresnitta er handkolorerte, og mange kan nærmast reknast som måleri. Grafikken bevegde seg også over i måleriet som sjanger, og i somme tilfelle farga Astrup enkeltelement på treplatene og trykte dei direkte på lerreta. Treet i Marzmorgen (1920) er til dømes trykt med nøkkelplata i Vaarnatt og seljekall (u.å).
Astruptunet
I 1912 kjøpte Astrup den vesle garden Sandalstrand, i dag kjend som Astruptunet. Plassen var tenkt som utmark, men i 1914 flytta Astrupfamilien inn i dei falleferdige husa i bakken. Arbeidet med å skape seg ein heim var tidkrevjande, på grunn av både helse og økonomi, men i 1922 omtalte Astrup tunet som ein av dei vakraste stadene i bygda.
Stiane, utkikkspunkta og den vesle husklyngja i midten gir assosiasjonar til ein romantisk hage. Astrup styvde og fletta rognekallar og stilte dei saman med frukttre og bærbuskar. Ulike innslag av art nouveau-element, til dømes hestekastanje, rabarbra og djevelrot, sette i tillegg eit dekorativt preg på hagen.
Etter kvart byrja Astrup å nytte den nye heimen som målerisk motiv. Samla utgjer Epletre i blomst (1927), Vår i Jølster (1925) og fleire ein biletserie og eit panorama av kunstnarheimen. Astruptunet som kunstnarleg prosjekt gir måleria ei djupare meining, og Astrup sin posisjon som landskapskunstnar får ein eksperimentell karakter.
I 1965 vart Astruptunet selt til Jølster kommune, og sidan 1986 har det vore eit sesongope museum med galleri. I dag er Astruptunet ei avdeling i Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Ungdomslagsfaner

Nikolai Astrup er ein av fleire kjende kunstnarar som måla faner til ulike ungdomslag tidleg på 1900-talet. Det var særleg laga i Astrup sin heimkommune Jølster som fekk dra nytte av denne kunstnaren sin fantasi og fargegleda hans. Ungdomslaga i Gjesdal, Myklebust, Sanddalen, Stordalen,  Ålhus og Svanøy har alle Astrup-faner.

Gjesdal Ul. 1.jpg?w=600
Kjelder
Kari Greve (red.): Nikolai Astrup. Tresnitt. Oslo 2010


Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Tvedestrand 2015.
Fumiko Ito: Nikolai Astrup: studier av japanske tresnitt. Musea i Sogn og Fjordane 2011

Anders O. Klakegg: Astrup, Kinck og Jølster. Bergen 1987
Tove Kårstad Haugsbø: «Å sjå det dei fleste ikkje augna», Kunst og Kultur nr. 4/2010
Øystein Loge: Gartneren under regnbuen. Hjemstavnskunstneren Nikolai Astrup (1. utg.). Oslo 1986
Peikarar
 
Foto av Engel og Nikolai Astrup i Astruptunet, ukjend fotograf, p.e.
Foto av Engel og Nikolai Astrup i Astruptunet, ukjend fotograf, p.e.

Først publisert: 24.04.2013
Sist oppdatert: 12.12.2017