Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Bergslien

Nils Bergslien, kunstmålar og skulptør. Bergslien var ein folkelivsskildrar som nytta motiv frå norsk bygdetradisjon og frå norsk soge. Særleg er han kjend for nissebileta sine og andre bilete med godlynt skjemt.

Nils Bergslien var fødd på Voss 26. februar 1853 og døydde i Eidfjord 18. desember 1928. Han var brorson til kunstmålaren Knud Bergslien og bilethoggaren Brynjulf Bergslien. Begge dei to farbrørne prøvde å få guten til å følgje i sitt fotefar, men for Nils Bergslien vart målarkunsten den viktigaste uttrykksforma.
Han var elev på Eckersbergs Malerskole i Kristiania frå 1869, seinare på Knud Bergsliens Malerskole. I 1873 tok farbroren Knud han med til verdsutstillinga i Wien, to år seinare reiste han på studietur til Telemark saman med Gerhard Munthe. I 1876–78 studerte han ved kunstakademiet i München under professor Otto Seitz. Frå tidleg i 1880-åra budde han lengste tida i Eidfjord, der han bygde seg eigen heim. Mykje av kunsten hans er no samla og utstilt på Eidfjord Hotell, mellom anna ein serie måleri i store format av munkar i lystige lag. Til kortstokken «Peik», som første gongen kom ut i 1898, teikna Nils Bergslien kongane, dronningane og knektane som karikaturar av folk i Eidfjord. Det fall ikkje i god jord hos alle.
Mellom dei mest kjende arbeida hans elles er «Etter slaget på Stiklestad» og «Kyrkjeofring». Bronserelieffet «Ridande vossabrudlaup» på Voss er reist til minne om spelemannen Ola Mosafinn. Altertavlene i Granvin kyrkje og Oppheim kyrkje er måla av Nils Bergslien. Bergslien laga også fleire ungdomslagsfaner i Hardanger og på Voss.
Kjelder
Magnus Dagestad: Dei tre Bergsli-kunstnarane. Voss 1945

Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015.

Thor Warberg: Bergslien-målarane. Folkeliv i fargar. Førde 2008

Først publisert: 03.05.2010
Sist oppdatert: 12.12.2017