Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Cézanne

Paul Cézanne [sezann], 1839–1906, var fransk målar.


I 1870-åra var han påverka av impresjonistane, men utvikla seinare eit eige formspråk der han søkte å framstille den underliggjande strukturen i motivet ved å redusere elementa i det til geometriske grunnformer. 

Cézanne måla landskap, stilleben og portrett, og i seinare år store figurkomposisjonar med badande kvinner. Bileta legg vekt på flatene i komposisjonen. For Cézanne var sjølve utforskinga av dei formale verkemidla overordna den naturalistiske forma til motivet. Cézanne var sentral for utviklinga av den moderne kunsten, særleg kubismen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017