Hopp til innhold

Birger Dahl

Birger Dahl, norsk interiørarkitekt, industridesignar og kunstnar. Dahl er mest kjend som designar av lamper for Sønnico fabrikker. Han har også laga ungdomslagsfana for Moss Bondeungdomslag.
Les meir om Birger Dahl

Carsten Lien

Carsten Lien var biletkunstnar og formgivar. Han illustrerte alle bøkene i Samlaget-serien Norrøne bokverk og teikna lagsmerket til Noregs Ungdomslag.
Les meir om Carsten Lien

Gunvor Kjenstad

Gunvor Kjenstad, formingslærar og tekstilkunstnar, er ein representant for kunsthandverkarane i distrikta som levde av undervising og utsmykking.
Les meir om Gunvor Kjenstad

Håkon Aasnes

Håkon Aasnes er teikneserieskapar, ein av dei mest produktive og allsidige i Noreg. Han er sjølvlært og er ein av få som både teiknar og skriv teikneseriehistorier.

Les meir om Håkon Aasnes

Haakon Aasnes

Håkon Aasnes, fødd 1943, er teikneserieteiknar og berar av tradisjonar med realistisk, forenkla stil, gjerne med handlinga lagd til den norske landsbygda, som i Smørbukk (frå 1983).
Les meir om Haakon Aasnes

Lars Kinsarvik

Lars Kinsarvik

Lars Trondsson Kinsarvik, treskjerar, skribent og spelemann. Han fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst og husflid utvikla seg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Les meir om Lars Kinsarvik

Lars Osa

Lars Anderssen Osa var ein skrivefør målmann og musikalsk kunstmålar som gav mange bidrag til nynorsk kulturhistorie og portretterte den aldrande Ivar Aasen.

Les meir om Lars Osa

Mark Rothko

Mark Rothko, 1903–70, var latvisk-amerikansk målar og ein av dei leiande eksponentane for New York-skulen av abstrakte ekspresjonistar.
Les meir om Mark Rothko

Mons Breidvik

Mons Breidvik, teiknar, målar og bokkunstnar, var mykje omtykt for stødige portrett og kjenslevare teikningar av badande småbarn. Dei største utsmykkingsarbeida utførte han i USA.

Les meir om Mons Breidvik

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth, pressefotograf som har vunne ei rekkje prisar for dei uttrykksfulle og levande bileta sine, både av kvardagslege og oppsiktsvekkjande situasjonar.

Les meir om Oddleiv Apneseth

Ole Ekornes d.e.

Ole Ekornes er ein av dei som har laga flest faner i Noreg. I 1935 er det sagt at han leverte si 678. fane. Av desse var fire leverte til Amerika og ei til London. Fleire av fanene var broderte, men dei fleste var måla.
Les meir om Ole Ekornes d.e.

Orlan

Orlan (eigentleg Mireille Suzanne Francette Porte), fødd 1947, er fransk performancekunstnar og ein av dei mest kjende representantane for body art.
Les meir om Orlan

Otto Valstad

Otto Valstad

Otto Valstad, lærar som gjorde forfattar og målar av seg, og som foreviga Arne og Hulda Garborg på lerretet. Sjølv er han på det nærmaste gløymd, sidan produksjonen hans var ujamn.

Les meir om Otto Valstad

Ragna Breivik

Ragna Breivik, vevkunstnar, var ei sjølvmedviten og kompromisslaus kvinne som brukte uvanlege tekstile teknikkar i den store teppeproduksjonen sin. Møtet med Gerhard Munthe vart avgjerande for utviklinga hennar.

Les meir om Ragna Breivik

Rudolf Krog

Rudolf Krog er mest kjend som teatermålar, men lagde også ungdomslagsfaner og dekorerte kaffistovene i Molde, Ålesund, Steinkjer, Haugesund, Porsgrunn og Namsos.
Les meir om Rudolf Krog

Solfrid Aksnes

Solfrid Aksnes er biletkunstnar og formgivar. Aksnes er mest kjend som kollasje-kunstnar, der ho nyttar mange ulike materiale i det same uttrykket.
Les meir om Solfrid Aksnes

Tone Hansen

Tone Hansen

Tone Hansen, kunstnar, kunstskribent og direktør ved Henie Onstad Kunstsenter i Bærum, ein av dei viktigaste institusjonane for samtidskunst vi har i Noreg. Frå 2016 er ho òg leiar for Kulturrådet.

Les meir om Tone Hansen

Torleiv Jørgensen Stadskleiv

Torleiv Jørgensen Stadskleiv, målar av romantiske telemarkslandskap og teiknar av portrett og folkelivsbilete. Mange av motiva fann Stadskleiv i Lifjell i Telemark, der han om somrane budde i ei primitiv hytte, «Skrubbehiet».

Les meir om Torleiv Jørgensen Stadskleiv

Tove Jansson

Tove Jansson

Tove Marika Jansson, finlandssvensk forfattar, kunstnar, illustratør og teikneserieskapar. Ho er mest kjend for bøkene om Mummitrollet og var ein av dei største svenskspråklege barnebokforfattarane på 1900-talet.

Les meir om Tove Jansson

Trygve Haakenstad

Trygve Haakenstad, målar som var sterkt knytt til natur og folke- tradisjon i heimbygda gjennom heile livet. Bilda hans ber preg av dette. Samtidig henta han gjerne motiv frå sagn og folkedikting.
Les meir om Trygve Haakenstad

Willem de Kooning

Willem de Kooning, 1904–97, var nederlandsk-amerikansk målar og ein av leiarfigurane i den amerikanske skulen av abstrakt ekspresjonisme i 1950-åra. 

Les meir om Willem de Kooning