Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Stieglitz

Alfred Stieglitz, 1864–1946, var amerikansk fotograf og kunsthandlar.

Det mest kjende arbeidet hans er ei samling bilete av målarinna Georgia O’Keeffe, som var kona hans. I 1905 grunnla han galleriet 291 i New York, der han introduserte moderne europeisk kunst for det amerikanske publikumet. Mellom 1903 og 1917 gav han ut det radikale magasinet Camera Work. Stieglitz er er rekna for å ha vore den som introduserte fotografiet som kunstart i USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2017
Sist oppdatert: 16.11.2017