Hopp til innhold
X
Innhald

Birger Dahl

Birger Dahl, norsk interiørarkitekt, industridesignar og kunstnar. Dahl er mest kjend som designar av lamper for Sønnico fabrikker. Han har også laga ungdomslagsfana for Moss Bondeungdomslag.

Birger Dahl var fødd i Moss 24. november 1916, og døydde i Oslo 12. august 1998. Dahl begynte i lære hos målarmeister Hans Jørgen Didriksen, og utdanna seg vidare ved Statens håndverks- og kunstindustriskole som interiørarkitekt og industri- designar. I 1947 blei han overlærar ved den same skulen, høgskulelektor frå 1982 og professor frå 1985 til han blei pensjonert i 1986.

Han har måla det særeigne banneret til Moss Bondeungdomslag frå 1936, med eit stilisert portrett av Olav den heilage.

Dahl var ein prislønna industridesignar, og vann mellom anna internasjonale prisar for lampane sine for Sønnico fabrikker. Elektriske omnar og tapetar var andre viktige område av hans formgjeving. Han var også den første leiaren i Interiørarkitektenes forening (stifta 1945).

Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015.

Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 12.12.2017