Hopp til innhold
X
Innhald

Cindy Sherman

Cindy Sherman, fødd 1954, er amerikansk fotograf.

Ho fotograferte først i svart-kvitt, men er gått over til å ta fargefotografi. Sherman set gjerne seg sjølv i scene i skiftande antrekk og positurar med klare referansar til filmar, pinupsjangeren og motebilete, som eit oppgjer med den stereotype oppfatninga samfunnet har av kvinner. Sherman arbeider i seriar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2017
Sist oppdatert: 24.11.2017