Hopp til innhold
X
Innhald

Emil Nolde

Emil Nolde (eigentleg Hansen), 1867–1956, var dansk-tysk grafikar og målar.

Nolde var ein av dei fremste representantane for den tyske ekspresjonismen. Nolde var knytt til gruppa Die Brücke, og han er kjend for landskapsmåleri, religiøse måleri i sterke fargar med grove penselstrøk og for figurkomposisjonar. Nolde fekk måleforbod under naziregimet som entartet (i 1938). Han gav ut to sjølvbiografiar, Das eigene Leben (1931) og Jahre der Kämpfe (1934). Eit Nolde-museum er å finne i Seebüll.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2017
Sist oppdatert: 16.11.2017