Hopp til innhold
X
Innhald

Frank Stella

Frank Stella, fødd 1936, er amerikansk målar og formalist.

Stella har ønskt at måleriet skal framstå som eit fysisk objekt snarare enn at ein ser det som ein metafor. Han arbeider i eit minimalistisk geometrisk formspråk av mangefarga band, og gjerne i store format. Sidan 1970 bevega han seg vekk frå det minimalistiske formspråket.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2017
Sist oppdatert: 16.11.2017