Hopp til innhold
X
Innhald

Georges Braque

Georges Braque [brakk], 1882–1963, var fransk målar og bilethoggar.

Kring 1910 grunnla han kubismen med Picasso, og saman eksperimenterte desse med assemblasje og kollasj i bileta sine. Braque måla hovudsakleg stilleben der gjenstandar blir avbilda som flate og utbretta, sett frå fleire vinklar samtidig.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017